Det siste skuleåret har elevbedriftene EB Fiks og Fisk (10. klasse), EB Experto (9. klasse), EB Tysnes kvalitet (8. klasse) vore i sving med rehabilitering av ballbingen ved Tysnes skule, på oppdrag frå Tysnes kommune. Arbeidet med å skifte kledning ferdigstillast i desse dagar.
Nytt kunstgrasdekke frå Tress vart lagt i fjor haust.
No er ballbingen så god som ny og klar for mange nye år med aktivitet.
Me vil takke Tysnes kraftlag for støtta. Prosjektet har vore mogleg takka vere denne støtta og spelemidlar.
Ein ekstra takk til elevbedriftene. Det er veldig kjekt for kommunen å kunne samarbeide med unge entreprenørar på denne måten. Vonleg har dei gjort erfaringar som dei kan ta med seg vidare. Elevane er sjølv hovudbrukarar av ballbinge og me vonar dei er stolte av arbeidet dei har lagt ned.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes