I løpet av 2022 arrangerte Tysnes kommune Open hall seks gonger mellom 27. februar og 6. november.
Tiltaket vart eit initiativ frå psykisk-helsearbeidarar og folkebiblioteket, i samband med at Tysnes kommune hadde fått prosjektmidlar frå
Statsforvaltaren til lågterskeltilbod for born og vaksne.
Formålet med Open hall var å skape eit aktivitetstilbod der terskelen for deltaking var så låg som mogleg. Det var ingen påmelding, ingen organiserte aktivitetar og heilt uforpliktande. Arrangementet skulle fungera som ein møteplass for barnefamiliar som kanskje fanga opp dei som ikkje deltok på andre fritidstilbod i kommunen.
Tiltaket vart ein stor suksess og me hadde over 800 deltakarar fordelt på desse seks arrangementa.
Ettersom tiltaket vart knytt til personalressursar i prosjektstillingar vart ikkje tiltaket vidareført. Me hadde håp om at foreldre eller friviljuge lag og organisasjonar kunne ta opp ballen etter at prosjektet vart sluttført. Me har hatt positiv dialog med andre lag og det er von om at Open hall gjenoppstår i ei eller anna form.
Me søkte om kr. 47. 000 til utstyr. Ettersom me såg at me ikkje greidde å gjennomføre like mange arrangement som planlagt justerte me budsjett ned noko.
Utstyret som vart kjøpt inn er jamnleg i bruk til småbarnsaktivitet/trening i hallen. Noko er gjort tilgjengeleg for utlån på BUA.
Kiosk og bowling gjekk omtrent i null. For å forenkle rapporteringa er desse utgiftene ikkje teke med i rapporten.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes