Døme på dekal til stolpane.
1. mai 2023 opna me for Stolpejakt på Tysnes.
Me i denne samanhengen er:
På førehand hadde me hatt fleire møter der me gjekk igjennom korleis opplegget skulle vere og korleis me skulle samarbeide. Bygde- og idrettslaga bestemte kor mange stolper dei ville ha og kvar dei skulle ha. Dei har også hatt ansvar for grunneigaravtalar, medan Tysnes gjev meirsmak har hatt ansvar for koordinering, kontakt med Stolpejakten sentralt og anna administrasjon.
Me var så heldige å få sponsorstøtte frå Bygg Tysnes og Andersland Bygg til stolpene. Dei ulike laga henta stolper hos det byggevarefirma dei ønskte, og det vart satt opp reklame på kvar stolpe for det byggevarehuset som hadde sponsa stolpen.
Det er sju kart i kommunen, og til saman plassert ut 178 stolpar:
Stolpane skal stå ute til 1. november, og me har derfor ikkje dei endelege tala på stolpejegerar eller talet på stolpar som vil bli tatt, men 23. august 2023 var tala slik:
Eg legg ved avtale mellom de frivillige laga og Tysnes gjev meirsmak, om administrasjon av prosjektet.
Stolpe i Uggdal og Reksteren idrettslag planlegg kor stolpane skal stå.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes