Tysnes bygdekvinnelag, saman med Omvikdalen bygdekvinnelag, stod som arrangørar då Hordaland bygdekvinnelag heldt årsmøtet sitt på Haaheimn Gaard 25.-26.mars 2023. Laget vårt fekk presentert noko av lags-og organisasjonsaktivitetane i kommunen vår. Under opninga av årsmøtet, orienterte ordførar Martin Kåre Kleppe om Tysnes kommune, med særleg vekt på kva frivilligheit har å seia for aktivitetar og trivsel. Under festmiddagen om kvelden, underheldt Tysnes Kammerkor med fine songar, flott prensentert og butte saman av Hans Ole Dalland. Vi var så heldige å få Lorentz Lunde til å halda festtalen for kvelden, og om lag 55 damer lo så tårene trilla over hans morosame betraktningar, men vi fekk og med oss ord til ettertanke.
Årsmøtet vart avslutta søndag føremiddag med inspirasjonsseminar med Hans Tore Brekke. Han fortalde om Tysnes skulemuseum, og viste bilete frå restaureringa av det gamle skulehuset i Solheimsdalen. Det var mange bygdekvinner som hadde hatt sine første skuleår i slike små grendaskular, og kunne nikka gjenkjennande til det han fortalde. Og med husfar Torstein sine anekdotar, song og blåsing på lur, vart det eit årsmøte som nok vil hugsast av alle som fekk vera med.
På vegne av Hordaland bygdekvinnelag og Omvikdalen bygdekvinnelag, vil Tysnes bygdekvinnelag takka Tysnes Kraftlag for støtta vi fekk til gåver og honorar til dei som kåserte og underheldt oss.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes