Prosjektet er gjennomført slik det var omsøkt. Vi hadde 4 dagar med konsert og middag på Haaheim, konsert på Tysnes omsorgssenter samt utlevering av 130 poser med julekos. Etter avtale med Styresekretær har vi også laga 20 poser som me leverer til dei som bur i kommunale omsorgsbustader, men ikkje mottek heimeteneste. Om det er noko igjen av dette vil dette leverast til Tysnes Omsorgssenter.
På Haaheim var det totalt 237 gjester på seniormiddagane/konsert, det var ca 25 stk på konserten på Tysnes Omsorgssenter.
Tiltaket har vore omtala i lokalpresse fleire gonger og breitt i So-me. Tilbakemeldingar frå gjester og pårørande for tiltaka har vore utelukka positive og skapa svært mykje glede i julehøgtida. Rammene med konsert og middag var flotte, men det var også svært stort for gjestene var å få koma samen og møte kvarandre i gode samtalar rundt borda. Mange gjester sa dette var høgdepunktet for jula og at dei var svært takksame for tiltaket og at Kraftlaget hadde gått inn og støtta dette. Det var kjekt å sjå at folk frå alle bygdene kom og at dette er eit samlande tiltak for seniorane på Tysnes.
Det var også veldig flott å møte bebuarane på omsorgssenteret for gode samtalar etter konserten.
Me har formidla takk til Tysnes Kraftlag på alle arrangementa for støtta som har gjort tiltaka mogeleg.
Me takkar også Tysnes omsorgssenter og heimetenesta i kommunen for godt samarbeid med utdeling av gåvene.
Med helsing og takk
Tysnes Bygdekvinnelag og Torstein husfar på Haaheim Gaard
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes