Dugnaden omfattar oppsetjing av toalettbygget/påbygg til Njordstø og ferdiggjering utvendig av bygget med innsetning av ytterdør og vindauge, samt malingsarbeid utvendig og noko administrasjon og prosjekteringsarbeid. Resten av byggjearbeidet er gjennomført med innleigde fagfolk. Det er etablert to toalett i bygget, derav eit handicaptoalett. Vidare er det laga kombinert bøttekott og VVS-sentral m/varmvatntank. På inngangsdøra er det montert betalingsløysing med kortautomat. Inngongspartiet har fått handicaprampe og det er asfaltert frå asfaltkant i bakke og inn til handicaprampe.
Det er interndør frå toalettbygget og inn til lagshuset Njordstø slik at toalettbygget både kan brukast av personar i friområdet og i laget.
Toalettbygget utgjer eit løft for dei sanitære tilhøva i Peralio Friluftsområde og for Njordstø/Båtlaget. Båtlaget vil før sommaren ha eit møte med BOF om kostnadsdeling for drift av toalettbygget: straum, forsikring, reinhald m.v.
Båtlaget Njord/Tysnes er særs takksame for at Tysnes Kraftlag AS har vore ein medspelar slik at bygget vart ein realitet.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes