No har me endeleg avslutta eit omfattande ENØK-arbeid i Svingen-bygget i Våge.
Sidan bygget er bygd på i fleire omgongar, har det vore svært ulik kvalitet på blant anna EL-anlegget. Eldste del er bygd i 1953, hovuddel i 1986 og 1995, medan nyaste oppgradering på EL-anlegget er gjort då hovuddel blei bygd om frå møbelbutikk til treningssenter i 2014/2015.
Tiko har gjort eit grundig arbeid for å betre utnyttinga av energi i bygget, både for å møte dagens miljøkrav, samt for å spare straumkostnader.
Dei har blant anna:
Arbeidet frå Tiko vart meir kostbart enn budsjettert, men me valde å prioritere EL-tiltak framfor å bytte vindauger når me fyrst hadde moglegheit til dette. Hovuddelen av straumkostnadane har gått til lys og varme, og tiltaka me no har gjort kjem svært godt med i eit økonomisk perspektiv.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes