Årets 10. klasseshow blei gjennomført torsdag 25. og fredag 26. februar. I utgangspunktet såg det ikkje ut som om me fekk lov til å invitere gjester i salen, grunna Korona-restriksjonar, men heldigvis opna ein opp for dette ei knapp veke før framføringa, og då me i tillegg fekk klarsignal frå kommunelegen om å gjennomføre med 45 gjester, heiv me oss rundt og organiserte dette. Slik fekk elevane framføre for 45 innbetalande publikummarar kvar av dei to kveldane, der billettane var øyremerka foreldre og familie til elevane. I tillegg blei showet «Livestreama» fredagen, og det blei seld totalt 94 enkeltbillettar og 49 familiebillettar via Ticketco. Livestreaminga fungerte godt, og gjorde at elevane fekk vist showet dei har arbeidd med for eit større publikum.
Elevane har nytta mykje tid på arbeidet med showet i fleire månader på førehand, der ein særleg intensiverte øvinga den siste veka før. Showet hadde totalt 24 ulike nummer, der både fellessongar, bandinnslag, danseinnslag, nyheitssendingar, filmar og sketsjar stod på programmet. Elevane tok publikum med på ei reise i tid frå 1980- talet og heilt fram til ei tenkt framtid. Dei fekk fram det typiske for kvart tiår gjennom både musikk, stil og store hendingar. Eit så stort spekter av innslag gjorde til at framføringa varte i om lag 2 timar. Alle elevane hadde ei oppgåve i arbeidet med showet, og dei som ikkje viste seg så mykje direkte på scena, gjorde ein flott innsats i kulissane eller som scenearbeidarar. I ettertid har me fått mykje skryt for at alle elevane var inkludert. Me såg i tillegg eit flott samhald mellom elevane i denne fasen, og det har utan tvil styrka banda mellom dei. Me sit igjen med mange gode minner frå arbeidet og framføringa av showet.
10% av overskotet vert overført til Barnekreftforeininga. Alt i alt kom showet i hamn med eit høgare overskot enn det me hadde sett for oss, og dette er svært gledeleg for klassane, som ønskjer å nytta pengane på noko sosialt. Og som gjer at avgangselevane avsluttar 10 års skulegong med eit opphald på Voss Active, etter munnleg eksamen i juni. Her får dei m.a. delta på teambuilding, rafting, og oppleve vindtunnel, kombinert med masse sosialt samvær.
Me takkar igjen for Dykkar generøse bidrag til årets 10.klasse-show.
Mvh showansvarleg Elin Bergesen og klassekontaktar Fredrik Haugsgjerd og Terje S. Skaten.