Skihytta som ligg på Ådnastegen er ei felles hytte eig av Lundebygda. Hytta ligg på Ådnastegen ca 1-1.5 time vekk i frå allfarveg, i eit flott naturområde mellom Tysnessåto og Hovlandsnuten. Hytta er til ålmenn utleige og for to personar kostar dette 250 kroner pr døgn. Hytta er utstyrt med alt du treng, utanom sengklede.
Den vart i 1990 pussa opp av engasjerte bygdefolk som melde seg som parteigar i skihytta. Etter 30 år med dugnad er generasjonen som satt hytta i stand att, blitt pensjonistar og æresmedlem. No har ein ny generasjon meldt seg for å ta over ansvaret for å driva hytta vidare. Mange av dei som er med i dag, er born av den opprinnlige gjengen i frå 1990. Det vart i oktober 2023 oppretta styre, og det er i dag ein dialog mellom Tysnes Kommune og Lunde Ungdomslag for å få hytta overført til organisasjonen Skihytta Ådnastegen. Skihytta skal ver eit lag der alle kan ver medlemmar, men at eit styre har overordna ansvar. Hytta er leigd på åremål av Lunde ungdomslag mot at hytta vert halden i stand og vedlikeholdt.
Skihytta ønskjer å arrangera familiedag for store og små den 4.11.23. Konseptet er å få befolkninga ut på tur, og for å skapa eit engasjement rundt eit lavterskelstilbod på Tysnes. Me i styret på skihytta ønskjer å formidla ut at det finnes ein mulighet som ikkje treng kosta så mykje. Vår hensikt er å visa fram hytta, laga ny grue og samle kongler som kveiksle. Me håpar at de som bedrift har mulighet for å støtte opp om denne saka, og at de ser nytten i eit slikt tilbod. Me lurar difor på om de vil sponse med litt midlar til mat og felles glede denne dagen. Om me får nok midlar inn, vil me kjøpe ei ny grillrist.
For gjengangarar i hytta, er det å gå på ferie det beste. Dette ønskjer me å dela med fleire.
Me vil kontakta Bladet Tysnes for å laga ei annonsa om arrangement, samt invitera dei opp denne dagen.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes