Vinteren 2022 fann Tysnes husflidslag det naudsynt å gjera tiltak for å redusera straumutgiftene etter vesentleg kostnadsauke. Me kom til at skifte av ytterdører ville vera det som gav mest gevinst. Dei eksisterande dørene var frå bygget var nytt, og var trekkfulle, ein kunne kjenna vinden blåsa inn mellom dei doble dørene. Byggmeister Belt kom med pristilbod på vedlikehaldsfrie dører og skifte av desse, og me søkte Tysnes Kraftlag om tilskot til gjennomføring., og fekk tilsagn om tilskot tilsvarande 50% av kostnadene, noko som gjorde at me kunne gjennomføre planen. Resterande utgifter vert dekka av husflidslaget gjennom inntektsgjevande aktiviterer (utlodning/messe mv)
Byggmeister Belt utførte arbeidet våren 2022 i samsvar med tilbod, og rydda vekk dei gamle dørene. Dugnadsarbeid i samband med gjennomføringa var ikkje relevant/utført. Dei totale kostnadene samsvarer med faktura frå Byggmeister Belt, jfr. vedlegg.
Lokala våre framstår no som lyse, trivelege og tenlege lokale, og det er mykje aktivitet der året gjennom, særleg for barn og unge som har vore laget sitt satsingsområde dei siste åra.
Tysnes, 3. juli 2022
For Tysnes husflidslag
Helga Irene Aslaksen
søknadsansvarleg
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes