Møtesalen i Njordstø har ikkje vore pussa opp sidan byggget vart bygd i 1984/1985. Golvet var svært slitt. Det er no lagt laminat oppå eksisterande golv og montert nye ferdigmalte golvlister. Det har ført til ei stor oppgradering av golvet. Panelte ubehandla veggar har fått eit grunningsstrøk og tre malingsstrøk oppå grunningsstrøket. Alle kvistar er dekka og veggane framstår som lyse og fine. Også taket har fått maling. Her er det malt to strøk. Alt i alt framstår no møtesalen ny og moderne og innbydande til eigen aktivitet og til utleige. Med nytt kjøkken og oppussa sal trur me at Njordstø no framstår som eit godt utleigeobjekt som kan generere inntekter til laget.
Båtlaget takkar styret i Tysnes Kraftlag AS for tilskot som har gjort det mogeleg for oss å få til denne oppussinga.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes