Lysanlegg scene, Led belysning på «scene» utbetra feil og skifte lamper i eksisterande lysopplegg. Lage betjeningsinstruks for dette.
Den første dugnaden. Den starta tidlegare enn planlagt. Årsaka til det var at lokala skulle brukast av kulturskulen og anlegga måtte fungere.
Feil blei lokalisert og rette opp. Her hadde me assistanse frå Tiko. Deretter skifta ein ut gamle glødelamper til Led pærer. For å rekke opp bruka me ein lånt stillas på hjul. Ein betjeningsinstruks for belysninga blei også utarbeida og heng ved brytarpanel.
Bord, skifta ut skadde bordplater og lagre dei på transportvogner. 10 nye bord og 20 nye bordplater. Bordplatene blir montert på gamle bordunderstell. OUL har og kjøpt 2 bordvogner for skånsamare transport og lagring.
Den andre dugnaden. Prosjektet med å skifte ut bordplater tok lenger tid og fleire personar var involvert.
Prosessen er enkel, men tidkrevjande. Ny bordplate og gamalt bord ved sida av kvarandre.
I forgrunnen merker ein av på ny bordplate, forbore 30 hull for skruer, flytter bordunderstell over på ny bordplate og monterer det fast.
I bakgrunnen er understell demontert frå bordplate med skader.Til slutt blir lagringsklosser montert med filt under for skånsam lagring.
Gamle bordplater er levert til SIM i Erdalen.
Bordvogner for skånsam lagring og intern transport. Desse skrues saman og merkes med instruks for bruk og sponsorskilt. No kan me lagra 2x20 bord på ein god måte og dette lettar transporten av dei, og lokala blir meir fleksible.
Skifte ut skada sete- og ryggputer på 15 stoler type R48, med nye sete- og ryggputer. Stoff i puter er Hallingdal 754
Den tredje dugnaden, skifte ut sete- ryggputer på 15 stoler. Eksempel på stoler med skader i sete- ryggputer.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes