11.november 2023 deltok 11 elevar frå Onarheim skule i First Lego League. Åtte veker i forkant av konkurransen blei brukt til eit tverrfagleg innovativt prosjekt som skulle leggjast fram for eit dommarpanel på konkurransedagen, i tillegg til robotkonkurransen.
Onarheimselevane sitt prosjekt var å byggja ein omreisande gaming-/e-sport-buss, som kunne sikra breiare deltaking og inkludering uavhengig av økonomi og sosial status. Mange av idèane til prosjektet fekk dei gjennom ein inspirasjonsdag til Bergen og VilVite-senteret.
Elevane fekk 2.plass og pokal for godt prosekt og god presentasjon for dommarane.
Sjølve robotkonkuransen, med sjølvbygga robotar som skulle programmerast til å utføra ulike handlingar, gjekk også veldig bra.
Deltakinga i First Lego League gav elevane mykje god inspirasjon og kjekk læring.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes