Takk for stønad til støtte til innkjøp av kajakker, sykler og kassapparat! Dette kjem vel med då eg har lyst til å utvida tilbodet på Årbakka Handelsstad.
Min fyrste sesong førte til at eg ville satsa på dette i fleire år, og derfor set eg stor pris på all støtte for å få dette til.
Litt om det som skjer no:
Akkurat no held eg på med å kjøpe inn kajakkar og syklar som skal brukast til utleige. Men dei skal òg brukast til kajakk-grunnkurs, eit i februar og eit i mars. Eg ser at interessa på desse kursa er aukande og begge kursa er fullteikna. Difor trur eg òg at utleige-tilbodet kjem til å verta populært.
I kjøkkenhagen er det no vinter, men eg held å på å utvide den, slik at eg får plass til fleire grønsaker og andre planter til neste sesong. Eg fekk god tilbakemelding på denne hagen, og gler meg til å dyrka meir.
Eg håper å få til merking til den populære turløypa; Årbakka-Hovlandsnuten, her er det ikkje kome noko dato, men det er noko eg ynskjer å få til før opninga.
Det ser ut til at opninga til neste år òg vil verta lagt til langfredag i Påsken, men dette er ikkje heilt bekrefta endå.
Det er mange kunstnarar som har meldt sin interesse til å stille ut til neste år, så det kjem til å fyllast opp i sjøbua, i begge etasjar, til neste sesong òg.
Igjen, tusen takk for støtten. Eg gleder meg til sesong 2020!
MVH
Rebekka Høgestøl
Driftar Årbakka Handelsstad