Kiwi Bama cup i Øystese er ein overnattingscup for barn opp til 13 år.Me reiste med 3 lag jenter og gutar fødd 2012 og gutar fødd 2011
Kampavvikling fredag, Laurdag og sundag i strålande sommarvarme gav ein topp oppleving for alle involverte. Målsetting om å få flest mulig med på slike arrangement er viktig for det sosiale, samhald og opplevelsar i saman med vener.
Me spelte fotball, felles taco måltider, frukt og is, var i badeland og andre små aktivitetar i Øystese.
Mange foreldre tok turen for å heie på laga.
Me kjørte privatebilar og dei to kulturbussane til Øystese. Alle tre laga er svært glad for støtta me fekk frå Tysnes Kraftlag til påmelding/aktivitet slik at eigenandelen vart minska. Njardar/Tysnes betyr mykje for mange i lokalsamfunnet, dei frivillige aktivitetsleiarane bruker mange timer kvar veke på barna til Tysnesingar, ekstra kjekt med gode tilbakemeldingar: "Tusen takk til trenarar og innsatsen dåke gjer for barna våre, dåke bidrar sterkt til at gutane fekk ein flott cup i Øystese. Alle blir sett og alle blir støttet og oppmuntert når man synes verden ikke alltid er rettferdig. ENIG, tusen takk for innsatsen dåke gjer og for en uforglemmelig opplevelse på cup". "Dette er ein opplevelse, tusen takk for omsorg for barna, gode trenere" Me skal halde fram å skape gode minner for barna våre, nok ein gong takk til Tysnes Kraftlag for bidrag til å skape aktivitet.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes