Tysnes/Njardar J15 hadde siste seriekamp borte mot Lyngbø/Frøya lørdag 4. november 2023. Me var totalt 17 spelarar og 3 trenarar. Dette var siste kamp for sesongen og jentene spelte nok ein strålande kamp og vart vinnar av J17 avd.03! Det er imponerande at Njardar/Tysnes klarer å stille 11ar lag i jentefotball i denne alderen. Noko som vert lagt merke til i heile regionen. Når jentene i tillegg vinner avdelinga og vert seriemestre er det veldig stas. Jentene har eit unikt samhald på tvers av aldersklasser og skaper gode opplevelser i lag. Dagen vart avslutta på Fangene på Fortet i Bergen med aktivitetar, pizza og topp stemning. Tusen takk til Tysnes Kraftlag AS for støtta.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes