Her finner de sluttrapport frå Mandelhuset AS. Det er tatt med kva tiltak som vart utført og kva resultata av tiltaka vart. Målet var i hovudsak å få ned kostnadene straumen medførte, i 2022 var straumkostnaden over 6% av årsomsetninga vår(!). Kostnadene avhenger i hovudsak av nettleige og forbruk. Det me kan gjera noko med er forbruket. Det kan me dela opp i antall kWh og ekstra kostnad ved effekttoppane. Målet er å få ned det generelle energiforbruket og få ned antallet effekttoppar, altså eit meir jamt forbruk. Det ville me gjer med desse tiltaka:
I tillegg fekk me montert solcelleannlegg med hjelp frå ENOVA, men det er utenom søknaden til Tysnes Kraftlag. Det er uansett relevant å nemne det, då me produserer ca 20 000 kWh i året.
Utskifting av oppvaskmaskinen:
Me erstatta vår tidlegare oppvaskmaskin med ein energieffektiv modell. Denne oppgraderinga bidrog til betydelege besparingar i vann- og energiforbruk samtidig som den opprettheld ein høg standard for reingjering. Kostnaden for denne oppgraderinga var NOK 46 980,- og vart gjort i november 2022. Oppgitt besparing: -25% varmtvatn -25% energi -25% kjemikalier
Utskifting av steikeomnar:
Me erstatta dei gamle komfyrane med moderne, energieffektive modellar som er utstyrt med avansert teknologi for optimalisering av energiutnyttinga og redusert varmetap. Denne oppgraderinga vil bidra til energibesparingar og meir berekraftig drift av våre kjøkkenfasilitetar. Den vil og ta ein vesentlig del av toppane i forbruket som gjer at me har eit jevnare forbruk med mindre toppar. Dei estimerte kostnadene for denne oppgraderinga er NOK 245 621,-.
Oppgitt besparing: 10% mindre varmetap. opptil 70 % lavere energiforbruk.
Utskifting av vindu og dører:
Dei gamle vindaugne og dørane våre hadde eit stort varmetap, i alt vart to vindauger og tre vindauger i inngongsdøra skifta ut. Dei estimerte kostnadene for denne utskiftinga er NOK 58 020,-.
Installering av luft-til-luft varmepumper:
Me monterte to nye og ein brukt luft-til-luft varmepumoer. Dei estimerte kostnadene for installering av varmepumper er NOK 72 000,-
Me har vurdert andre anbefalte tiltak, men på grunn av økonomiske begrensningar har me førebels ikkje moglegheit til å prioritere dei. Derfor fokuserer me no på oppgradering av oppvaskmaskinen, erstatning av steikeovnar, utskifting av vindu og dører, samt installering av luft-til-luft varmepumper.
Me estimerte at desse tiltaka ville resultere i ein prosentvis energibesparing på rundt 15-20% basert på den informasjonen som var gitt. Det endelige resultatet synar ein besparelse på 20,71% sida me fekk på plass alle tilltaka. I enkelte månader som i april var me heilt oppe i 41% reduksjon av forbruk (figur. 1.). Desse tilltaka som er støtta av Tysnes Kraftlag har gitt oss økonomiske besparingar, men også redusert vår miljøpåverknad og bidrat til ein meir berekraftig drift av Mandelhuset AS. Tysnes Kraftlag sin ENØK-satsing har vore ein formidabel hjelp for å få ned forbruket vårt. All æra til dykk!
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes