Styret gjorde grundig runde på pristilbud frå dei ulike aktørane som sel tredemøller til treningssenter. Me fekk eit godt tilbod på ei tredemølle som me nytta oss av.
Prosessen starta med å frigjere plass, ved å demontere to gamle tredemøller og sju andre ødelagte treningsapparat. Desse vart frakta på hengar til nærmaste avfallstasjon.
Ny tredemølle av type Sole T8 vart bestilt og når denne ankom klubbhuset på Vassbakken fekk me gode dugnaskrefter for å få på plass nytt utstyr i andre etasje. Totalt tre stk var innvolvert for å få den på plass og ferdigmontert.
Tredemølla var i gong og testekjørt same dag og har allerede vore til stor glede og nytte av våre medlemma i Lundegrend idrettslag.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes