"Fredagsklubben" er ei undergruppe under Lundegrend Bygdelag som har som mål å skapa ein samlestad for 1-7 klasse i bygda Lundegrend på Tysnes og nærliggjande bygder.
Fredagsklubben er ein klubb for å samle «kidsa» i "Lunde" og nærliggjande bygder. Dette er ein «hengeplass» for 1. -7. klasse barn. Formålet med klubben er å gi eit tilbud som samler dei unge på tvers av aldersgrupper og dei ein vanligvis «heng i lag med» og som vidare vil styrke samhaldet blant dei unge, trygga dei i forhold til samhald på tvers av aldersgrupper, samt skape gode minner. Fredagsklubben er eit tilbud som Oddrun Gravdal vaks opp med på Hatlestrand og som ho ynskjer at «kidsa» i Lunde og omegn skal få med seg i sin «minnebank».
Fredagsklubben har no samla 1-7 klassinger i bygda Lunde ca 1 gong per månad sidan hausten 2022. Vi fekk kroner 1500 i støtte til oppstart frå Tysnes Sparebank der pengane har gått med til å betale ei symbolsk husleige på "cafeen" i Lunde og for innkjøp av snacks til salg i Fredagsklubben. Vi har vaska cafeen både før og etter fredagsklubben arrangementet. Dei fleste fredager har vi hatt spelekveld der vi som arrangører har teke med våre private spel til cafeen. Dette har gått heilt fint trass i alt drasket fram og tilbake men vi ønsker no å kunne tilby blant anna nintendo som vil gje oss mulighet til dans og anna e-sport. Dette er bakgrunnen for at vi no søker om midlar frå kraftlaget til å kunne kjøpe inn diverse spel for å kunne vidare utvikle konseptet for å fortsette med dette tilbudet for bygda og kringliggjande bygder. Når været har vore med oss har også nokre av borna spela fotball eller sykla på området utanfor cafeen. Vi har typisk solgt popcorn og saft eller brus og diverse snacks til vennlege priser. Vi har også hatt film kveld (julefilm), karnevalsdisco og vi planlegg å ha refleks rebusløype ved oppstart no i oktober etter sommarferie. Arrangementet har samla alt frå 10 til fleire og 20 born.
Fredagsklubben har vore etterlyst no i haust, noko som viser at dette har vore eit arrangement som har fenga. Det vart beskreve som eit høgdepunkt for veka. Vi ser at borna blir trygge på det å treffe andre aldersgrupper, og vi ser verdien av å kjenne alle i bygda sjølv dei ein ikkje heng med til vanleg. Vidare utvikling med fleire spel vil også kunne glede andre sidan "cafeen" er møteplass for mange i bygda og spela kan bli gjort tilgjengelig for alle. Vi ser eit godt alternativ i gode gamle spel som samlar barna framfor den digitale individuelle verden.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes