Som skissert i søknaden, vart det klart at natursteins muren måtte byggast før pumptrack banen for å lage plass inn mot jordvoll og veg i nordøst. Samt for å gi bygdatorget ei fin avslutning mot vegen og Bakka jorda i nord/øst.
Sti/gangveg bak drivhuset, er for å letta tilgang til pumptrack og bygdatorg for mjuke trafikanter frå Lunde senter. Me må tilrettelegga for små og store, og det gjer denne gangvegen. Det er vidare planer for utvikling av bygdatorget i Lunde.
Arealet til Bygdatorget er eigd av info West AS. Bygdalaget har skriftlig avtale på 30år til bruk for ålmenta. Avtalen er
tinglyst med 10 år om gangen.
Sjølve muren med bakfyll, vart bygd av Tysnes Maskin. Dette før etableringa av pumptrack banen. Steinen er tilkjørt frå Karmøy. Det vart 64M2 mur som me synes rigga flott.
Alt grunnarbeidet og bortkjøring av overskudsmasse, er utført på dugnad. Matjorda vart lagt over grensa til Bakkajorda, og vert brukt der.
Det er og lagt drenering langs muren, og det er lagt drenering under den nye gangvegen bak drivhuset. All masse bak drivhuset er fjerna med gravemakin og kjørt vekk. Primært opp til vassbakken. Den gamle tilfylte massen bak drivhuset, viste seg å innehalda mykje gammalt bygningsavfall som plast og isolasjon. Dette har me sortert ut, og det er kjørt 3 tilhengere med avfall til Erdalen.
Dette prosjektet har vart lenge, og dugnadstimane har me ikkje klart å samla. Estimert arbeid i søknaden, er det som er utført, og bilder frå prosjektet viser kva som er blitt gjort. Alt arbeidet med stien bak drivhuset, er utført etter styremøte 13.juni 22, kor kraftlaget oppdaterte verdien av utførte dugnads timer. Me meiner at utført dugnadsverdi er godt over førehands estimert verdi. Muren er litt rimeligare en omsøkt.
Vedlagte bilder gir viser prosjektutviklinga, og utført dugnadsarbeid.
Mvh Øystein Flakke Leiar Lunde bygdelag.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes