Call Us +1-555-555-555

Etablering av øvingslokale

Haakon Haaland • November 9, 2021

TBA Limited Entertainment

OM PROSJEKTET
TBA limited entertainment (TBALE) er eit nylig etablert utøvarfellesskap som har som formål og skapa aktivitet og mangfald i kulturlivet i Tysnes kommune.

I følgje vedtektene skal dette formålet oppnås gjennom følgjande aktivitetar: 

  • Arrangera konsertar i Tysnes kommune 
  • Tilby gratis utlån, eller utleie til kostpris, av backline og lydutstyr som foreininga innehar til prosjekt der medlemmar av foreininga er involvert i eller til ikkje-kommersielle arrangement.
  • Gjera tilgjengeleg ferdig utstyrt øvingslokale til foreiningas medlemmar


Tiltaket gjeld etablering av øvingslokale til foreiningas medlemmar. Det er inngått ein leigeavtale med Tysnes ungdomslag om leige av delar av 1. etasje i ungdomshuset "Vonheim". Lokalet skal få bygningsmessige oppgraderingar i form av lyddempande og akustiske tiltak, samt komplett utstyrt med øvingsutstyr av høg kvalitet. Ei viktig målsetting er å gjera det enkelt og terskelen låg for å gjennomføra øvingar og aktivitet knytt til dette.


Me meiner at ei realistisk målsetting er at etter to års drift vil øvingslokalet bli brukt av 5-6 band og foreninga som driftar det vil ha 30 medlemmar. Me vil jobba for å rekruttera medlemmar med eit breitt spenn i alder, og håpar me kan skapa eit givande miljø med utveksling av erfaringar og læring mellom band og medlemmar.


GJENNOMFØRING

Gjennomføringa av prosjektet har hovudsakeleg føregått etter oppsett prosjektplan. På tid hadde prosjektet mål om å ferdigstilla medio september i inneverande år. På milepæl for ferdigstilling var det høve til å ta rommet i bruk, men forseinkingar hos nokon av leverandørane gjorde at øvingsrommet ikkje var heilt ferdigstilt og komplett før utgongen av oktober.


Etter me hadde henta inn tilbod frå alle leverandørar vart det semje om å legge litt meir i dei bygningsmessige arbeida i rommet. Dette dreier seg i hovudsak om akustiske tiltak og arbeid på det elektriske anlegget. Dette var viktig for oss for skape det riktige fundamentet for å vidare utstyre rommet.

 

Dette førte vidare til ein liten avkorting på tilskotet frå Kulturrom sidan dei berre gjer tilskot til musikkutstyret i rommet. Samla sett har derfor prosjektet gått over budsjett. Dette er dekka med eigenkapital i foreininga, samt eit lite medlemsinnskot frå medlemmane.


Resultatet av prosjektet med etablering av øvingsrommet har stått til forventningane, og på fleire punkter også overgått dei. Med å dempe alle overflater er det mogleg å gjennomføre øvingar med eit mykje betre og sunnare lydnivå. Dette førar vidare til at det er enklare å høyre kvarandre, og det er mogleg å øva i lengre strekk før øyrer og hovudet treng pause.


At øvingsrommet no er komplett utstyrt senkar også terskelen for å gjennomføra øvingar både på eigen hand og med fult band. Saman med eit oppgradert el-anlegg blir det mindre tid på rigging og strekking av skøyteleidningar på kryss og tvers, og meir tid til øving. Musikkutstyret i rommet er av høg kvalitet og bør ikkje stå tilbake for gryande artistspirer eller erfarne musikarar. 


By Jorunn Vonheim Grahl February 20, 2025
RIL er veldig takknemlig for støtten. Rastebord er kommet på plass, basketballplate med kurv er montert. Matter og baller er allerede i bruk til småbarnstrim og trim for voksne formiddag og ettermiddag.
By John Arvid Kleppe February 18, 2025
Laging av voll mellom standplass og skiver. Reparasjon og oppdatering av kontainer. Prosjektet er ferdigstilt.
By Patrick Russell Madsen February 9, 2025
Sluttrapport – Støtte til planarbeid for hotellutvikling
By Øystein Flakke February 9, 2025
Sluttrapport på innkjøp av Soundboks og A-3 fargeprinter Lunde bygdalag har med støtte frå kraftlaget, kjøpt inn soundbox nr 2 til bruk i bygda. Spesielt i 17.mai feiringa med kortesje gjennom bygda, blir det no flott korpsmusikk gjennom 2 stk soundboksar. Våre 2 soundboksar er og til utlån lokalt. Me har og kjøpt inn ein A-3 fargeprinter og har foliemaskin til denne. Då kan me laga fine plakatar til nødvendig informasjon ut i bygda. Eit viktig hjelpemiddel for god kommunikasjon ut. Mvh For Lunde bygdalag Øystein Flakke Leiar.
By Torstein Fjeldet Lunde February 9, 2025
Njardar/Tysnes G15 reiste til Haugesund fredag ettermiddag i kulturbussane, og heimatt søndag. 17 Tysnes ungdomar var med oss og dette er ein veldig grei gjeng å reisa på tur med. Alle går godt overeins med alle, og dei oppfører seg eksemplarisk. Laget tok seg til kvartfinale i a-sluttspelet, der det vart 1-2 tap for Åsane. Alt i alt ei flott helg der slike opplevingar trur eg er med og fyller opp «minnebanken» til gutane frå oppveksten deira på Tysnes – i håp om at dei ein dag, når dei har blitt nokre år eldre, tenkjer tilbake på desse opplevingane og at dei sjølve kan tenkja seg å busetja seg på Tysnes i framtida! Tusen takk for støtta!
By Torstein Fjeldet Lunde February 8, 2025
21.07.24 - 27.07.24 reiste Njardar/Tysnes til Dana Cup representert ved Gutar 15 og Jenter 17. Totalt 30 spelarar i alderen 14 - 17 år var med og bidrog til at Njardar/Tysnes stillte i Dana Cup. Laga vart innlosjert i leiligheter i Blokhus med kostnad kr 5350 pr spelar og me er svært takksame for den økonomiske støtta Tysnes Kraftlag bidrar med til at me kunne reisa. Begge lag speler 11ar fotball og gjorde det svært godt til å vera ein så liten breiddeklubb som me er. Jentene tok seg vidare til 8-dels finale i A-sluttspelet, medan gutane kom til kvartfinale i B-sluttspelet. I tillegg til det sportslege, er ein slik tur viktig for samhaldet blant ungdomane våre. Spelarane budde i eigne leiligheiter, der dei sjølve måtte ta ansvar for kvarandre, lage mat, handle inn mat, fordele utgifter og halde orden. Dette gav eit enno betre samhald og denne sosiale delen er god identitetsskaping for dei unge tysnesingane.  Klubben vonar og har tru på at denne veka i Danmark har gitt dei eit minne for livet, slik at når fleire snart skal flytte på seg for utdanning og jobb, vil hugse opplevinga som Njardar/Tysnes har gitt dei og at dei i framtida har lyst å flytte tilbake til Tysnes. I tillegg til spelarar og leiarar, var det mange tilreisande tysnesingar som hadde tatt turen til Dana Cup for å heia. Om lag 80 tysnesingar var på det meste samla på cupen.
By Torstein Fjeldet Lunde February 8, 2025
Hei, her kjem ei lita oppdatering frå Øystese cup. Me var totalt 38 spelarar og 9 vaksne som reiste innover helga 7.- 9. juni. Dette er ein flott overnattings-cup å reisa på for unge spelarar. Den er ikkje så stor, og alt ligg tilrettelagt i Øystese sentrum. Kort veg til banar og andre aktivitetar. Veldig god stemning både på og utanfor banen. Laga heia på kvarandre under kampane. Det var og mange som fekk seg nye bekjentskap frå andre lag. Alt i alt ei topp helg!
By Celine Lunde Rød February 4, 2025
15-17.mars 2024 hadde Skihyttelagetdugnad for å opna landskapet og rydda i skog som var til fare for bydningar på Ådnastegen. På 60-talet vart det planta rikelig med gran som skulle halda støle med ved, dette var no vokst seg stort og enkelte granar var til fare for dyr og folk som ferdast i området. Denne helga samla me ca 15 stk til dugnad, og det vart det hogge mange granar, kløyvd store mengder ved, som vart lagt i småsekker. Me fekk brent ein del greiner, som gjorde til at me fekk opna landskapet opp. Noko av granen vart nytta til å laga sitjegrupper i terrenget, desse kom godt med under familiedagar me har arrangert ila året. Me har hatt det riktig så triveleg tross lange arbeidsdagar. Prosjeket pågjekk utover sommaren. Tusen takk for støtta.
By Stein Olav Skaten February 4, 2025
Idrettslaget grusa opp veien inn til lysløypa for å kunne lage skiløyper med mindre mengder snø. 3 lass er levert ferdig utkjørt på veien, 2 lass er lagt på ei lomme langs veien til etterfylling der det vert behov
By Henrik Aakre January 28, 2025
No har OUL fått i hus lydanlegget. Det består av ein Soundbox4 som har batteritid på ca 40 timer på middels styrke og kan slik nyttast utan tilgang på straum. Soundbox4 kan strøyme musikk eller lyd frå PC / telefon med god kvalitet med hjelp av blåtannteknologi. Dekker lagets behov i toget ved 17-maifeiringa og andre utandørs arrangement. Det har også ein funksjon innandørs ved møter og konferansar. Her er Sondbox4 kopla opp med mikrofon til ein talarstol
Les meir
Share by: