30 barn i alderen 8-13 år deltok. Barna var delt inn i tre grupper: Gruppe 1 Otrane i alderen 8-9 år, Gruppe 2 Delfinane i alderen 9-11 år og Gruppe 3 Haiane i alderen 11-13 år.
Me var svært heldige med været og vindtilhøva var ideelle bortsett frå deler av siste dagen. Sjøsportaktiviteteane omfatta eit bredt spekter av aktivitetar med m.a. sjøvett, knuter og stikk, tryggleik, seglteori, båttilvenning og kolsigling, jollesigling, kajakkpadling, rigging av oselvar, sigling med oselvar, SUP-brett, sikkerhet ved eigenredning og redning med livbøye, regattaøving jolle og oselvar, stafett med m.a. jolle, kajakk og svømming, quiz, grilling, bading og premieutdeling.
Aktivitetane var i lagshuset Njordstø, på Bjørnafjorden utanfor Njordstø, i Gjerstad Båthamn, i Våge Hamn og langtur med kajakk i området ved Godøysund.
Barn som var usikre i høve sjøsportsaktivitetar meistra meir og meir i løpet av veka og vart tryggare på sjøen.
Veka vart fullteikna «på eit blunk» og det var born som ikkje fekk plass.
Det var ingen eigenbetaling for deltakarne eller krav om medlemskap i fleiridrettslaget slik at ingen born skulle vera hindra i å delta grunna foreldra sin økonomi.
Fire ungdommar hadde sommarjobb, fekk verdfull arbeidstrening og arbeidde totalt 120 timar (30 timar kvar)
Det vart utført 180 timar instruktøravløning fordelt på 15 instruktørar. Både instruktørar og ungdommar utførte dugnadstimar utover løna arbeid. Totalt vart det utført 305 dugnadstimar av 21 personar.
Veka vart gjennomført med tilskot frå Gjensidigestiftelsen, Sjøfartsdirektoratet(også med opplysningsmateriell) og Tysnes Kraftlag AS. Utan tilskot frå dei kunne me ikkje gjennomført veka med løna instruktørar og ungdommar, samt ha gratis deltaking.
Spar Tysnes sponsa oss med frukt kvar dag.
Det gjekk over all forventning å rekruttere instruktørar, ungdommar og friviljuge dugnadsarbeidarar.
Det vart ei vellukka og kjekk sjøsportveke.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes