Trass i litt grått einskilde dagar, var det perfekte forhold. Born og vaksne koste seg på fjorden. 30 born i alderen 8-14 år deltok.
Sjøsportsaktivitetane omfatta eit bredt spekter med teori og praksis: sjøvett, knuter og stikk, seglteori, båttilvenning og kolsigling, rigging av båtar, sigling med optimistjolle og Zoom 8 – jolle, rigging/sigling med oselvar (veldig populært), padling, bading/symjing/miljø og vannsport. Veka vart avslutta fredag med sjøsportsstafetten, grilling, vannsport, bading og premieutdeling.
Alt fyste dagen klarte 29 av 30 born å velta ei optimistjolle, snu jolla/få jolla på rett kjøl og koma seg opp i jolla igjen, dvs. trena på kolsigling. Fantastisk å sjå!
Barn som var usikre til å byrje med, meistra meir og meir i løpet av veka og vart tryggare på sjøen.
6 born klarte å sigle 3 i kvar oselvar åleine for fyste gong utan vaksne instruktørar om bord. Ein av borna skal sigle NM i oselvar spri som skal arrangerast på Tysnes i august.
Aktivitetane gjekk føre seg i lagshuset Njordstø, på Bjørnafjorden utanfor Njordstø og på sjøen ved båthamna på Gjerstad.
Veka var fullteikna og me hadde born på venteliste. Tilbodet kunne godt vore utvida til to veker med 30 born kvar veke.
Det var ingen eigenbetaling for deltakarne eller krav om medlemskap i fleiridrettslaget slik at ingen born skulle vera hindra i å delta grunna foreldra sin økonomi.
Tre ungdommar i alderen 14-18 år hadde sommarjobb, fekk verdfull arbeidstrening og arbeidde totalt 90 timar (30 timar kvar).
Det vart utført 180 timar i instruktøravløning fordelt på 9 instruktørar. Både instruktørar og ungdommar utførte dugnadstimar utover løna arbeid. Totalt vart det utført 203 dugnadstimar av 17 friviljuge.
Spar Tysnes sponsa oss med frukt kvar dag.
Veka vart gjennomført med tilskot frå Gjensidigestiftelsen og Tysnes Kraftlag AS. Tusen takk til dei. Utan desse tilskota kunne me ikkje gjennomføre veka med løna instruktørar og ungdommar, samt gratis deltaking.
Det gjekk over all forventning å rekruttere instruktørar, ungdommar og friviljuge dugnadsarbeidarar.
Det vart ei vellukka og kjekk sjøsportsveke.
Teigland, den 25. juli 2023
For Båtlaget Njord/Tysnes
Einar Aslaksen
Leiar
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes