Dei yngste deltakarane som treng at foreldra er med drar på bading i terapibassenget i OS badet. Kvinnherad kommune låner ut bassenget i Hatlestrand til oss to dagar i veka fram til jul.
Løysinga gjer at samtlige 12 symjekurs har fått tilbod om regelmessig symjeopplæring fram til jul dog med redusert frekvens på treningane. Det er vanskelig å kunna tilby eit fullverdig opplegg pga begrensa kapasitet og lang reiseveg. Men me er oppteken av å kunna tilby noko med god kvalitet. Elitegruppa vår får trening ein gong i veke (mot normalt 2) med dei andre gruppene får trening annankvar veke. Det var noko redusert frammøte totalt sett. Difor noko reduserte kostnader enn budsjettert. Det har tært på å få dette til med mykje reising fram og tilbake. Men tilbodet har vorte svært godt motteke.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes