Båtlaget Njord/Tysnes har oppretta ein kajakklubb og laget er medlem i NPF (Norges Padleforbund).
Laget hadde gamle kajakkar som ikkje har vore brukt på fleire år og som ikkje var eigna til opplæring. Desse er under sal.
Det er kjøpt inn i alt 10 havkajakkar, dvs. 4 barnekajakkar, 2 junior/vaksenkajakkar og 4 vaksenkajakkar. I tillegg er det kjøpt inn det me treng av padleårer, spruttrekk, padlevestar, padlesko og tørrdrakter.
Det er ikkje anbefalt å kjøpe sin eigen kajakk før ein har gjennomført kurs og skaffa seg Våtkort.
Innkjøp av kajakkar og utstyr gjer det mogeleg å tilby opplæring/kurs i klubben sin regi frå våren 2023, kurs for barn med maks 4 deltakarar og kurs for junior/vaksne med maks 6 deltakar. Klubben har eigne godkjende instruktørar.
Ikkje alle har økonomi til å kjøpe seg eigen kajakk. Klubben vil difor tilby lån av kajakk til medlemer som har gjennomført kurs/fått Våtkort.
Det kan og bli aktuelt å leige ut kajakkar til andre som ikkje er medlemer i klubben og turistar som har teke kurs/har Våtkort.
Kajakkane kan på sikt verta utlånt til Tysnes skule i faget friluftsliv.
Investeringa i havkajakkar og utstyr i klubben vil då kunne gje positive ringverknader for heile lokalsamfunnet.
Me prøver å finna tilskotsordningar til å dekkje opplæringskostnadene me får med avløning av instruktørar m.v. slik at me kan tilby gratis kurs i 2023.
Målgruppe er barn frå 8 år og oppover og vaksne i alle aldrar. Flyktningar og asylsøkjarar uansett nasjonalitet og ankomstår og deltakarar frå låginntektsfamiliar er spesielt prioritert.
Me ønskjer å tilby felles padleturar også med overnatting. Utstyr for overnatting kan lånast hjå BUA. Lagshuset vårt «Njordstø» ligg sentralt
med tanke på at Godøysund vert sett på som ei «nasjonal padleperle».
Båtlaget er særs takksame for at styret i Tysnes Kraftlag A/S har gjeve eit tilskot til kjøp av kajakkar og utstyr. Utan tilskot frå Tysnes Kraftlag A/S hadde det ikkje vore mogeleg å realisere kjøpet.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes