BAKGRUNN
Atheno gjennomførte i januar/februar 2022 eit strategiarbeid der ein i forkant etterspurde innspel frå kommunar og bedrifter i regionen om kva ein tenkjer er viktig framover. Eit av dei områda Atheno vart utfordra på var å arbeide meir med å auka kompetansen i regionen dei neste åra. Atheno veit at dette er ei utfordring som ikkje er særskilt for vår region, men at me nasjonalt må arbeide på ulike nivå når det kjem til å møta behov knytt til kompetanseutvikling. På same tid er det ikkje slik at Atheno kan gå ut og tilby kurs før ein har meir konkret kunnskap knytt til kva behova er, og om det er reell vilje til å investere tid og midlar. Grunnen til at Atheno valte ut Tysnes i første omgang var at det i strategiprosessen i Tysnes Kraftlag i 2019 kom innspel om at nokre av midlane i fondet burde gå til kompetanseheving for næringslivet/tilsette. På bakgrunn av dette søkte Atheno midlar hos Tysnes Kraftlag til ei kartlegging blant bedriftene i Tysnes, med mål om å få til eit kompetanseprogram for bedriftene i Tysnes.
ARBEIDET
Atheno utarbeidde eit digitalt spørjeskjema gjennom Microsoft forms, der ein har prøvd å få ein god oversikt over behovet blant bedriftene i Tysnes. Spørjeskjemaet vart sendt ut til store, mellomstore og små bedrifter. På bakgrunn av den vanskelege situasjonen mange bedrifter er kome i på grunn av høge straumutgifter, valte Atheno også å ta med nokre spørsmål retta mot straumkrisa. Dette på bakgrunn av at ein ønskte å få ein oversikt over kor mange som har store utfordringar på grunn av auka straumkostnadar og for å lettare kunne iverksetje tiltak for å avhjelpe situasjonen. Det er skrive ei eiga sak til styret i kraftlaget rundt dette som vart overlevert styreleiar 10 november. Ein vel difor i denne sluttrapporten å kun fokusere på kompetansekartlegginga.
KOMPETANSEKARTLEGGINGA
Svar på kartlegginga ligg vedlagt sluttrapporten. 41 bedrifter har svara på undersøkinga, noko Atheno meiner er eit godt grunnlag for å vurdere behovet for å få på plass eit kompetansefond for bedriftene i Tysnes. Det er flest små bedrifter som har svara på undersøkinga. Heile 35 av 41 respondentar har 1-5 tilsette. Ca halvparten av bedriftene seier at dei har sett av midlar til kompetansehevande tiltak i budsjett. Det er og tydeleg at størstedelen av bedriftene gjennomfører kompetansehevande tiltak innad i eigen bedrift (30 av 41 svara her i stor grad eller i noko grad). Når det gjeld kor mykje tid bedrifta vil sette av for å auke kompetansen er det flest som ønskjer dagskurs og/eller kveldskurs og 3-4 dagars kurs. Kun 2 bedrifter ønskjer samlingbaserte kurs på 8-10 dagar. Atheno AS, Vabakken 6, 5411 Stord E-post: post@atheno.no www.atheno.no Det er god spreiing i kva kompetanse/kursbehov bedriftene har, men dei kursa som bedriftene har peikt mest på er: Marknadsføringskurs (sosiale medier) Berekraft og berekraftig vekst Økonomi Sal Helse, miljø og sikkerheit I undersøkinga kjem det fram at dei fleste (37 av 41) av bedriftene har rett utdanning/fagbrev på dei tilsette, noko som er svært bra
VURDERING OG TILRÅDING
Atheno har erfaring frå tidlegare år der ein har igangsett kompetanseprogram etter innspel frå næringslivet, og så viser det seg at når alt kjem til alt klarar ikkje bedriftene å prioritere det. Enten av økonomisk grunn eller av ressurs/tidsmangel.
I undersøkinga spurte Atheno difor blant anna om kor mykje tid ein ser føre seg å sette av til kompetansehevande tiltak og om det var avgjerande med økonomisk støtte for å delta. Dei fleste av bedriftene vil sette av tid til dags/kveldskurs og få av bedriftene vil bruke mange dagar. Bedriftene er likevel tydelege i svara på at dei har behov for økonomisk støtte for å kunne delta. Desse tala heng ikkje heilt i saman med at størstedelen av bedriftene har sett av midlar i budsjettet for å kurse tilsette. Atheno vurderer at kursa som det er størst behov for å få meir kunnskap om, er forholdsvis lite kostnadskrevjande å delta på.
Atheno vil legge opp til ulike kurs i 2023 for bedriftene i heile regionen, og fleire av desse kursa som er ønska frå bedriftene i Tysnes vil verta tatt med i kursrekka.
Atheno er kjent med at Tysnes gjev meirsmak vil arrangere eit marknadsføringskurs for medlemsbedriftene i februar 2023. Dette er eit viktig kurs for desse bedriftene og vil vera med å heva kvaliteten på produktet Tysnes gjev meirsmak og dei ulike bedriftene. Dette er det kurset som flest bedrifter har kryssa av som relevant. Det har vore litt meir tidkrevjande å gjennomføre kartlegginga enn Atheno såg føre seg i starten. Det har vore mykje arbeid med å få tak i epost adresser til alle bedriftene og det har vore mykje arbeid med å finne fram til rett spørsmålsstilling. Atheno har hatt fokus på at undersøkinga ikkje måtte vera for omfangsrik. Det var viktig for oss at flest mogeleg tok seg tid til å delta.
Atheno meiner at svara som føreligg har gitt oss gode svar. Atheno rår difor til at Tysnes Kraftlag ikkje går vidare med å etablera eit eige kompetansefond, men at ein vurderer at dei bedriftene som har størst behov for større kompetansehevande tiltak, kan søkje næringsfondet om delfinansiering. Tysnes Kraftlag må eventuelt ta dette med i nye retningslinjer.
Atheno AS, Vabakken 6, 5411 Stord E-post: post@atheno.no www.atheno.no Atheno vil når sluttrapport er godkjent sende kort informasjon ut til alle bedriftene med informasjon frå kartlegginga.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes