Call Us +1-555-555-555

Hjertefred Tysnes - Lyd og lys, bamser til fri minste

Jannike Alvær Lie • November 20, 2024

Me hadde rundt 200 stk som kom på årets Hjertefred. Hjertefred er èin times konsert der me kjem i lag for å minnast dei me har mista og for å stå saman i sorga. Sorg kan vera så mangt og det kan me føla ved at livet ikke blei som èin tenkte. Eit ekteskap som ikkje er meir eller eit kjæledyr som èin har mista. Arrangementet viser at èin står ikkje aleine i det. Me er mange som har opplevd ei sorg på èin eller Anna måte.

By John Arvid Kleppe November 20, 2024
Vi takker så mye for pengestøtten til prosjektet. Dette bidrar til at vi kan videre utvikle skyte anlegget vårt på Vevatne. Det som er utført er følgende: Drenering, legging av duk og grusing av området mellom standplass og skivestativ. Laging av skivestativ og sokler til dette. Demontering av gammel benk, laging av ny ved skivestativ. Opplasting av dekk i nedslagsfelt på 25 meter. Inst. av varsel lys og wifi pga sikkerhet. Kjøp av kontainer.
By Steinar Dalland October 29, 2024
Gong- og sykkelvegen mellom OnarTun og opp til den nye barnehagen på Onarheim vart ferdigstilt i august 2024. I tillegg til gongvegen er også vegbana utvida i breidda og nyasfaltert. Prosjektet er kome i stand gjennom eit spleiselag mellom Meidell-konsernet, Tysnes Kraftlag, Vestland fylkeskommune og Tysnes kommune. Det har vorte eit flott veganlegg som knyt saman sentrale delar av Onarheims-bygda med barnehage-/skuleområdet, og sikrar tryggleik for mjuke trafikkantar. Takk for samarbeidet!
By Ina Kaldefoss October 28, 2024
Ivyelli AS søkte Tysnes Kraftlag om tilskudd til kompetanseheving og oppgradering av kjøkkenutstyr til kaféen for å gi kundene et bredere utvalg. Det er en stadig endring i markedet, og vi må tilpasse konseptet for å klare oss i en tøff bransje på en liten plass. For å få dette til, fikk vi inn Marita Dalseid til å hjelpe til i kaféen på fredager fra mai til september. Dette har gått veldig bra, vi har fått testet ut markedet med både boller og sandwich. Bollefredag har blitt en suksess, med full kafé hver fredag. Nå har vi også fått mer kjøkkenutstyr og oppbevaring som gjør det enklere for oss å kunne utvikle og tilby et bedre utvalg av mat i kaféen fremover også. Marita Bakke i Blikk Design har designet menyer til bord, kaffe kort og menyplakater vi kan ha både inne og ute i vinduet. Vi har kjøpt 4 nye stoler, og en sofa slik at vi fikk laget den etterlengtede koselige kaffekroken der det ofte er koselige barseltreff. Takket være Tysnes Kraftlag har vi nå fått den oppstarts kompetansen vi trenger for å utvikle og drive kaféen videre. Tusen takk for støtten, det setter vi stor pris på.
By Kenneth Røssland October 28, 2024
Tysnes Røde Kors Hjelpekorps har fått montert varmepumpe og varmeovner, installasjonen er utført som ENØK tiltak av Tysnes RKH. Varmepumpe og ovner er levert og montert av TIKO AS. I utgangspunktet var det planlagt 2 stk varmepumper, men på anbefaling fra TIKo as så ble det beslutta å skifte ut den ene varmepumpa med energi effektive panelovner. Dette var på bakgrunn av at 1stk varmepumpe vill ha tistrekkelig kapasitet til å holde grunnvarme i de aktuelle romma, Panelovnene er da for å løfte temperaturen ved opphold i aktuelt rom. Ved å bytte ut 1stk varmepumpe med panelovner, gikk også investerings kostnadene noe ned i forhold til original søknad. Reelle kostnader kommer frem av vedlagt prosjekt regnskap.
By Silje Lunde October 17, 2024
Tysnes Kraftlag spegler dei kommunale tilskota til idrett, kultur og nærmiljøtiltak for til saman kroner 600 036,11 for 2024.
By Trond Høviskeland October 3, 2024
Nye vinduer og dører, etterisolert yttervegger, fjernet panelovner og montert varmepumpe og lysstyring.
By Merete Fjelltveit Flakke October 3, 2024
Sherpastien blei offisielt åpna torsdag 11.juli 2024. Program for dagen var offisiell opning ved parkeringsplassen i Myrdal med tale av Kåre Martin Kleppe og snorklypp av styret i Venelaget Tysnessåto. Vidare var det konsert med Fay Wilhagen og tale ved Einar Wathne på Tysnessåto.
By Kjetil Totland October 3, 2024
Fleire enn 20 av Tysnes Teaterlag sine medlemar og samarbeidspartnarar stilte onsdag 11. september opp til føredrag, filmframvisning og diskusjon om neste års oppsetjing av Spelet om Olavsgildet. Me fekk eit engasjert og inspirerande innspel frå Helge Jordal, ein nestor i norsk teaterverd, og syntest det var stor stas med besøket.
By Øystein Vaage September 17, 2024
Tysnesfest UNG er ein av dei mest ettertrakta festivalane for barn og unge på Vestlandet. Festivalen, som blir arrangert på Tysnes kvar sommar som ein del av Tysnesfest, er eit høgdepunkt for mange og har som mål å skape ein trygg og inkluderande arena for unge deltakarar å oppleve musikk, kultur og kreativ utfalding. Årets festival var ein stor suksess, med eit breitt spekter av aktivitetar og konsertar som trekte eit stort publikum. Blant høgdepunkta var konsertane med Lisa og Tobias, kjente frå MGPjr, som sjarmerte publikum med sine fengande songar og energiske sceneshow. Deira opptreden, saman med sitt eige DanseCrew, var ein av dei mest minneverdige på festivalen. I tillegg til musikk, bød Tysnesfest UNG også på eit variert program med aktivitetar som gjekk frå teikneverkstader med Øisteins Blyant til spektakulære stunt frå Urban Circus Show og ikkje minst VitenShitShow med NRK-kjendisene Dennis Siva og Stian Sandø. Sistnemte bød på flammer, eksplosjoner og læring. Publikum vart engasjert og underholdt med spennande eksperiment og humoristiske innslag. Øisteins Blyantshow gav barna moglegheita til å lære grunnleggjande teikneteknikkar og utvikle si eiga kreativitet, medan Urban Circus imponerte med sine akrobatiske prestasjonar og fakirkunstar. Dei to tullete klovnane frå Latter Event sørga for at latteren sat laust med sitt improviserte familieteater, som inkluderte aktiv deltaking frå publikum. Ansiktsmaling og andre lett tilgjengelig aktiviteter på e-brygga gjorde TF UNG komplett. Tysnesfest UNG klarte også i år å skape ein trygg og positiv atmosfære der unge kunne utforske nye interesser, utvikle sine talent og ikkje minst, ha det gøy saman med gamle og nye vener. Med sitt mangfaldige program og høge kvalitet, er Tysnesfest UNG utan tvil ein festival som inspirerer og underheld barn og unge år etter år. I år vart Tysnesfest UNG-teltet flytta til Våge hamn på e-brygga, noko som plasserte det midt i sentrum av festivalaktivitetane på dagtid. Denne strategiske plasseringa gjorde det enklare for publikum å delta i dei mange spennande aktivitetane og opplevingane som festivalen tilbød. Med teltet midt i hjarte av festivalområdet, kunne både barn, unge og familiar enkelt finne vegen til arrangementa og nyte den livlege atmosfæren i Våge hamn. Flyttinga bidrog til å gjere Tysnesfest UNG endå meir tilgjengeleg og inkluderande for alle festivaldeltakarar. TF UNG-teltet blir drive av ungdom i samarbeid med Tysnes ungdomsråd. Dette initiativet gir ungdommen ei stemme og ansvar i å forme og leie festivalopplevinga for sine jevnaldrande. • TF UNG fredag: 166 festivalpass + 58 dagspass • TF UNG lørdag: 166 festivalpass + 223 dagspass (UTSOLGT!)
By Morten Haaland September 10, 2024
Sidan bladet Tysnes kom ut med si fyrste sommaravis i 2008 med 44 sider og i eit opplag på 10.000 eksemplar, har "Opplev Tysnes" utvikla seg til å bli eit merkenamn og ein levande turistguide for sommaropplevingar i feriekommunen vår. Avisa er blitt kjært motteke av lesarane og redaksjonen har fått mange positive tilbakemeldingar. Normalt opplag for sommaravisa har vore på vel 25.000 aviser som er blitt sendt ut til alle i Bømlo, Stord, Fitjar, Austevoll, gamle Fusa og deler av Kvam og Kvinnherad. Med Tysnesfest i spissen har lokalt næringsliv dei to siste åra hatt ønskje om at sommaravisa også skulle nå ut til tidlegare Os kommune og søndre delar av Bergen. For å få dette til vart det gjennom næringsrådet teke initiativ til å søkja Tysnes Kraftlag om midlar for å vera med å dekka inn auka trykke- og distribusjonskostnadar. Ei løyving frå Tysnes Kraftlag på kr. 64.000 i støtte til utvida distribusjon, var eit viktig bidrag til at sommaravisa 2024 med sine 88 sider, kunne trykkast og sendast ut til nærare 50.000 husstandar.
Les meir
Share by: