Me gir liv til gode idear!
Tysnes Kraftlag støttar eldsjeler, gründerar, lag og organisasjonar til å dra i gong gode initiativ som gjev trivsel og vekst i lokalsamfunnet
Mandat for Tysnes Kraftlag sitt fond for Omdømmebygging og PR
Fondet skal bidra til å styrkja Tysnes kommune med organisasjonar og næringsliv sitt omdømme og synleggjera kommunen sine mange kvalitetar, med mål om å:
• Tiltrekkja nye innbyggjarar og næringsaktørar.
• Auka tilstrøyminga av turistar.
• Styrke lokal stoltheit og tilhøyrsel.
Ekstraordinær Generalforsamling i Tysnes Kraftlag AS. Val av revisor.
Alle aksjonærar i Tysnes Kraftlag AS med kjent e-postadresse har i dag fått tilsendt følgjande e-post (sjå tekst under). Denne kunngjeringa på nettsida vår kjem i tillegg.
Forslaget inneber at ekstraordinær generalforsamling vert halden ved denne kunngjeringa, i samsvar med den vedlagde protokollen. Det vil seia at teksten i denne e-posten og den vedlagde protokollen i seg sjølv utgjer generalforsamlingsmøtet, og at det ikkje er naudsynt å halda eit separat fysisk eller digitalt møte. Framgangsmåten er i tråd med reglane om «forenkla behandling» i aksjelova §§ 5-7 og 5-7a.
Dersom du ikkje har innvendingar mot at ekstraordinær generalforsamling vert halden ved forenkla behandling (utan styremøte), eller mot at KPMG Carve-out AS vert vald som ny revisor, kan du svara bekreftande på denne e-posten. Alternativt, dersom du ikkje svarar innan 7 dagar, vert dette rekna som samtykke og at du har stemt i samsvar med vedlagde protokoll.
Dei som samtykkjer eller ikkje samtykkjer kan svara til post@tysneskraftlag.no, eller la vera å svara – som då vert rekna som samtykke etter 7 dagar frå kunngjeringa.
No kan du nytta ny søknadsportal!
Tysnes Kraftlag har lansert ein ny digital søknadsportal som gjer det enklare å søkje støtte – og raskare å behandle søknadene.
Den nye søknadsportalen gjer det enklare å søkje og tryggare å behandle sakene. Me har forenkla stega, bygd inn kvalitetssikring og fått betre sporbarheit gjennom heile prosessen – frå innsending til utbetaling. For søkarane betyr det færre feil og tydeleg status undervegs, for oss betyr det høgare kvalitet og raskare saksbehandling. Dette er eit viktig steg for å levere endå betre tenester til lokalsamfunnet.


Tysnes Kraftlag er stolt av å støtte Tysnesfest Ung
«Formålet faller sammen med våre verdier, vår strategi knyttet til «Framtidskraft» og vår satsning på aktivitet for barn og unge. Det er meiningsfylt å sjå at dei unge er aktivt med og skapa ein festival for seg sjøl.» seier styreleiar i Kraftlaget Einar Wathne. «Desse er vår framtid til å driva Tysnesfest vidare i mange år framover.
Søndag 23.8 var det stor feiring ved Friluftshytta ved Kyrkjevatnet
Me kunne gratulera Tysnes Turlag med 5-årsdagen. I same høve opna Ordførar Synnøve Bakke saman med Johanne den nye aktivitetsparken ved Kyrkjevatnet. I tillegg til alt dette klarte vi også å markere at Tysnes er den beste friluftskommunen i Vestland og på tredje plass i landet! https://friluftslivsbarometeret.no/
Tysnes Kraftlag er stolt av å vera medspelar til alle desse initiativa.
Ulike utstillarar presenterte seg og si rolle innan friluft, så gjorde også Kraftlaget.
Som ordføraren sa det: For ein dag, for eit vær, for ei stemning!
Kva type bustader treng vi i framtida?
Under GF i Kraftlaget i 2023, vart det løyvd kr 500.000 til ei utgreing av korleis ein kan få etablert eit tomteselskap/eigedomsselskap
som kan leie utviklinga av eigedom til bolig og næring i kommunen.
Tysnes kommune og Tysnes kraftlag har sett i gang arbeid med forprosjekt for mogleg nytt tomteselskap på Tysnes. Styringsgruppa var einige om at første trinn var å gjennomføre ei behovsanalyse, og har engasjert Atheno som prosjektleiar, medan ABO Plan & Arkitektur leverer grunnlag for diskusjonene. Vedlagte notat er eit slikt diskusjonsgrunnlag.
Lag og organisasjonar som tek imot aksjer
Her finn du lista øve laga og organisasjonane som er klar for å ta imot aksjar frå aksjonærar i Tysnes Kraftlag. Last ned og noter i skjema kor mange aksjar du har, kor mange du gjer til dine lag/organisasjonar, og kor mange du beheld sjølv. Så signerer du og sender til guro@tysneskraftlag.no.
Dette har me støtta:





Spørsmål om tildeling av midlar?

Ta kontakt med styresekretær
Guro Fjeldet Lunde
Tlf
91 64 81 33









