Call Us +1-555-555-555

Reisefond for skular og barnehagar i Tysnes kommune

Tysnes Kraftlag har vedteke på Generalforsamlinga i 2024 å sette av 250 000 kroner til eit reisefond for skular og barnehagar i Tysnes kommune. Dette skal erstatte søknader som går direkte til Kraftlaget om pengar til sosiale tilstellingar og reiser.


  • Reisefondet blir avgrensa til reising i kommunal regi av barnehagar og skular. Alt anna (FAU, klassekonto, avslutningsfestar osv) vert rekna som i privat regi, og blir ikkje omfatta av Reisefondet.
  • Oppvekstsjef i samarbeid med rektorar og barnehagestyrarar set opp eit budsjett for resten av skuleåret 2024-25 på kva som er realistisk at dei vil ha behov for til reising og aktivitetar. Kostnad ved reisa kan omfatta transport, mat og vikarkostnader.
  • Ordninga er ei prøveordning dette året, og skal evaluerast etter at skuleåret er omme.


Share by: