Likningsverdien av aksjar kjem fram som eit resultat av Tysnes Kraftlag AS sin 1,7% eigardel i BKK. Verdien i 2018 av denne posten vart sett til ca. MNOK 340. Med ca. 111 millionar aksjar i Tysnes Kraftlag AS, så gir verdien seg ut frå dette. Aksjane du eig kjem av det kundeforhaldet, og det kjøp av energi du som medlem av Tysnes Kraftlag SA (Samvirkelaget) hadde med laget i perioden 2013 til 2017. Talet aksjar er lik det tal Kilowattimar du handla i denne perioden.
Aksjane har så langt ikkje vore omsett, men mange har latt desse gå i arv, eller at dei er overført til slekt og vener. Nokre ytterst få har valgt å levere dei attende til Tysnes Kraftlag. Generelt kan eg opplysa om at vedtektene til Tysnes Kraftlag AS (sjekk: tysneskraftlag.no) set klare føringar til kven som kan erverve aksjar. Om du ynskjer å overdra desse til nokon andre, så er det eigentleg fritt fram for deg så lenge mottakar tilfredsstiller krava i vedtektene.
Om du ynskjer å overdra aksjar, så kan du sende ein søknad til Tysnes Kraftlag ved Guro Fjeldet Lunde: guro@tysneskraftlag.no. Søknaden vil verta styrehandsama på neste styremøte. Me har styremøte ein gong i kvartalet.
Nokre spørsmål me har motteke frå eigarar med Tysnes Kraftlag AS sitt svar i kursiv:
Betaler Tysnes Kraftlag ut årleg utbytte?
Ja, både i 2019 og 2020 er det betalt ut utbyte til alle aksjonærar. Dersom du ikkje har motteke dette, vær grei å ta kontakt. Så finn vi ut av kva som kan ha skjedd
Ligg det føre ein plan for å auke utbytte til eigarane til eit nivå som dekker inn nivået for skatt?
Nei, men vi skal starte ein dialog rundt temaet i styret, gitt det svært begrensa moglegheitsrommet vedtektene per i dag gir oss.
Korleis kan eg eventuelt kvitte meg med aksjeposten?
Sjå svar under den generelle delen over.
Kan aksjane leverast tilbake til TK?
Ja, men me vil ikkje tilrå dette.
Har eg som aksjeeigar i TK andre kundefordeler enn eit årleg utbytte?
Nei, ikkje per i dag, men ein fordel alle kundar på Tysnes har er:
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes